Stefanuskyrkja

 


CompressImage   CompressImage (1)   CompressImage (2)

 

STEFANUSKYRKJA


”Nærlandheimen kirke” blei vigsla 16.mars 1969 av biskop Olav Hagesæther. Arkitekt for kyrkja var Tor Sørensen. Kyrkja blei påbygd i 1974 med kyrkjestove og kjøkken.

 

Kyrkja fekk i 1994 namnet Stefanuskyrkja. Stefanus var ein av dei første diakonane i den eldste kristne kyrkja. Det blir fortalt at han var ein mann ”full av tru og Heilag Ande”. Han blei ca år 33 drept på grunn av si kristne tru, og var ifølgje Det nye testamentet den første kristne martyren. 2 juledag blir i kyrkjene markert som Stefanusdagen.

 

Du kan lesa om Stefanus i Apostelgjerningane kapittel 6-7.

 

I september 2010 blei Kyrkja avvigsla. Alt det kyrkjelege utstyret i kyrkja blei gitt til kyrkjelydane i Jæren Prosti